Det er i sjølve søknaden du må få fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for parkeringslette. Det vil seia at du må beskriva kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadar du ofte besøkjer ikkje kan nyttast. I søknadsskjemaet er det tatt med ulike forhold vi ønskjer svar på. Vi ber om at du fyller det ut nøye, slik at vi får et godt bilete av ditt behov, samt at vi ikkje bruker unødig lang tid på behandling av søknaden.
Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå å over ei viss lengd.
Krav til søkjar
Krav til deg som søkjar er at du leverer inn søknad der du skal kunna dokumentera at du har eit særleg behov for å parkera nærare spesifikke stader som bustad, arbeidsplass, skule, lege, sjukehus eller i forbindelse med anna aktivitet. Du må og ha med legeerklæring som viser at du har store vanskar med å bevege deg over noko lengde.
Når du søkjer løyve som passasjer, gjelder eit tilleggsvilkår om at du må ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet.
Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.
Parkeringsløyve er personleg, og det er forbode for andre å nytte det. For at kortet skal være gyldig når du har løyve som passasjer, må du sjølv være med i bilen ved parkering.
Søkjer du som passasjer?
Forflytningshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til bestemmelsesstaden og fylgjast inn. Deretter skal bilførar flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje naudsynt med parkeringsløyve for å gjera dette. Parkeringsløyve vert difor berre tildelt når den som vert transportert ikkje kan forlatast åleine (for eksempel på venteværelset) medan bilen vert flytta. Dette må framgå av legeerklæringa og søknaden.
Tenk godt gjennom
- Kor er det du har problem med å parkera og kor ofte er du her? (Stadnavn/gatenavn må oppgis)
- Kvifor er det vanskeleg å parkera her?
- Kva slags parkeringsplassar finns her?
- Kva er det som gjer at du ikkje kan bruka dei ordinære plassane her?
- Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpa deg på desse bestemte stadene?
- Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege, så høyr om du kan få dokumentasjon på dette.
Søk om parkeringsløyve for rørslehemma (PDF, 494 kB)