Kommunal utleigebustadEin kommunal bustad er for deg som har problem med å skaffa deg bustad på den private bustadmarknaden. Bustadane er på Svortland, Rubbestadneset, Mosterhamn, Finnås og Langevåg. Kven kan få kommunal bustad? Alle som meiner dei har behov for kommunal bustad kan søkja om dette. Den som blir vurdert å ha det største behovet vil få tilbod når ein bustad blir ledig. Ved vurdering av søknaden legg me vekt på: noverande busituasjon, sosiale forhold, økonomi og helsesituasjon. Slik søkjer du Søknadsskjema om kommunal utleigebustad (PDF, 183 kB) Send søknaden til: Bømlo kommune Tenestekontoret Leirdalen 25 5430 Bremnes Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset. Har du spørsmål om søknaden eller treng hjelp til å fylla ut skjema? Ta kontakt med Tenestekontoret - telefon: 53 42 34 70 Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det? Tildeling skjer når det vert ein ledig bustad. Dei kommunale utleigebustadane er eigd av Bømlo kommunale eigedomsselskap AS (BKE AS) Har du eit akutt bustadproblem eller behov for mellombels husvære? Her kan du lesa meir omsorgsbustadar i Bømlo kommune Sist endra 17.02.2022 12:42