Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Forliksrådet

Forliksrådet kan hjelpe deg å løyse ein konflikt enkelt, raskt og billig. Bømlo kommune har felles Forliksråd med Stord kommune.

Forliksrådet

Alle kommunar har eit forliksråd der personar eller firma som har eit krav mot ein annan person eller eit firma kan venda seg til. Forliksrådet har tre lekfolk og like mange varamedlemmer. Medlemmene blir valde av kommunen for fire år om gongen.

Kva er Forliksrådet?

Mekling

Forliksrådet nyttast for å løyse tvistar i mange saker. Det kan til dømes dreie seg om kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar eller tvistar i forretningsforhold. Først må du varsle den du ønskjer å gå til sak mot, skriftleg. Deretter må du levere forliksklage til forliksrådet - vanlegvis i den kommunen der klagemotparten bur. Du treng ikkje bruke advokat. Forliksrådet skal alltid prøve mekling mellom partane, og kan også i mange tilfelle seie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad. Det tyder mellom anna at ei avgjerd i forliksrådet blir ståande dersom ho ikkje blir ført vidare til tingretten, og at ho kan tvangsfullførast via namsmannen.

Rettsgebyrlova §7 regulerer plikta til å betale gebyr.

Til toppen