Busetjing av flyktningarFlyktningar som har fått opphald i Noreg vert busett i ein kommune. I Bømlo kommune har flyktningetenesta på NAV ansvar for å gje hjelp til flyktningen/familien i starten. Slik kan du hjelpa - registrering av husvære til utleige Kommunestyret har vedteke å busetje totalt 60 flyktningar i 2024. Slik kan du hjelpaYnskjer du å tilby ein ledig bustad/leilegheit/husvere Registrere bustad/husvere til utleige Har du anna du vil og kan bidra med – kontakt Bømlo Frivilligsentral - tlf. 53 42 14 14UDI: Hjelpe flyktningar - oppdatert informasjon og nasjonale retningsliner Politiet: Informasjon om situasjonen i Ukraina og registrering av flyktningar Politiet: Informasjon om situasjonen i UkrainaRegistrering av flyktningar frå UkrainaHovudregelen er framleis at alle som kryssar grensa til Noreg skal registrera seg ved Nasjonalt ankomstsenter på Råde. Flyktningar frå Ukraina som allereie er i Sunnhordland, Haugesund eller Nord-Rogaland, som er uregistrerte, bur privat eller på annan innkvartering, må ringa politiet i Sør-Vest politidistrikt for å få registrert namn og telefonnummer. Telefonnummer for registrering er 489 96 640 Etter denne første innmeldinga vil du bli kontakta av politiet med innkalling til ei full registrering ved politistasjonen på Stord eller i Haugesund. Her vil du få utdelt eit DUF-nummer slik at du kan få dei rettane du har krav på. Du finn meir informasjon og kontaktinformasjon ved å klikke på Sør-Vest politidistrikt pila. Du skal ikkje møta opp utan avtale. IMDI - Ny i Norge Om Ny i NorgeNy i Norge samlar informasjon frå offentlege myndigheiter som kan hjelpe deg i din nye kvardag i Norge.Denne versjonen er retta mot vaksne personar som har søkt eller skal søke beskyttelse i Norge som følgje av krigen i Ukraina.Ny i Norge vil i løpet av 2024 utvidast med informasjon til alle nyankomne flyktningar og innvandrarar i Norge.Integrerings- og mangfoldsdirektoratet står bak nettsida.Ny i Norge Kven kan få tilbodet Flyktningar som har fått avtale om busetjing i Bømlo kommune. Flyktningetenesta kan òg gje rettleiing og følge opp deg som er sameint med familie som har budd i Bømlo/Noreg i mindre enn fem år. Tilbodet gjeld personar som vil få plikt og rett til å gjennomføre Introduksjonsprogrammet og/eller har familie i Bømlo og som allerede er i gong med Introduksjonsprogrammet. Kva kan me tilby Hjelp til å finna bustad og får praktisk hjelp i startfasen. Dette kan vera råd og rettleiing om det å leva i Noreg, helse, økonomi og deltaking i samfunnsliv. Hjelpa blir tilpassa det behovet den enkelte har.Tenesta arbeider tett med andre tenester i Bømlo kommune, til dømes Bømlo vaksenopplæring, Barne- og familietenesta og Legetenesta. Kor kan eg få meir informasjon?Om du ynskjer meir informasjon kan du ta kontakt med oss på telefon eller e-post.NAV BømloAvdelingsleiarSynne HallerakerTelefon: 918 07 383E-post: Send e-postNAV BømloFlyktningkonsulent Magny Røksund, Telefon: 930 06 614E-post: Send e-post Sist endra 22.04.2024 10:43