Skotpremie på mink

Bømlo kommune har skotpremie på mink.

Ordninga med skotpremie på mink er for å halda bestanden av mink nede på Bømlo. Dette er eit viktig tiltak for å hjelpa sjøfugl mot predasjon. Skotpremien er på 150 kroner per mink.
Skotpremien kan hevast ved å visa fram alle fire labbar frå kvar mink hjå landbruksavdelinga på rådhuset på Svortland. Skotpremien vert etter dette overført til din bankkonto.

Til toppen