Koronasertifikat

Nyheit - Det blir slutt på koronasertifikatet frå 30. juni 2023. 

Koronasertifikatet ditt finn du digitalt på helsenorge.no. Ikkje-digitale brukarar kan tinga koronasertifikat basert på vaksinasjon frå Helfo, eller få hjelp på Bremnes helsestasjon. Testing for koronasertifikat i samband med reise må du frå 1. mai betala for.

Skal du ha koronasertifikat basert på vaksinasjon kan du ringa Bremnes helsestasjon der du får hjelp til å setja opp ein time til å tinga dette i papirform. Hugs å ta med gyldig legitimasjon med signatur, til dømes bankkort, pass eller førarkort. 

Slutt på koronasertifikat - 12/06-23

EU avviklar ordninga med koronasertifikat frå 30. juni 2023. Frå denne dato vil ikkje setifikatet lenger vera tilgjengeleg for norske innbyggarar. 

Den 30. juni 2023 er utløpsdatoen for EU si forordning om koronasertifikat. Etter denne datoen er det ikkje lenger mogleg å få tilgong til koronasertifikatet. Ingen land i EU krev koronasertifikat for innreise, og det er svært få andre land som krev at du kan leggje fram eit koronasertifikat ved innreise. Dei landa som krev dokumentasjon for vaksinasjon mot covid-19 ynskjer som regel dokumentasjon på alle gitte vaksinedosar, og ikkje kun den siste som sertifikatet syner.

Det er uansett viktig å oppdatera seg på kva krav og reglar som gjeld til ei kvar tid i det landet du skal reisa til.

Meir informasjon om innreisekrav til ulike land finn du på UD sine nettsider om reiseinformasjon eller i UD sin app "Reiseklar".

Dei som treng dokumentasjon på vaksinasjon, finn dette på Helsenorge.

Bremnes Helsestasjon

Opningstider:

kl. 08.30-11.30 & 12.30-14.30

Ferietid:

09.00 - 13.00

Telefon: 53 42 33 37

E-post: vaksine@bomlo.kommune.no (mail blir sjekka jamnleg)

Tinging av koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar

Koronasertifikatet ditt finn du på helsenorge.no

Du kan skrive ut koronasertifikatet, men det er ikkje naudsynt så lenge du har digital tilgang.

Helsestasjonen på Bremnes 
Kyrkjegardsvegen 20, 5430 Bremnes
Telefon: 53 42 33 37

Til toppen