Kva gjer du dersom mobil og nett fell ut?

I samband med uvær kan det bli straumutfall. Kva gjer du dersom mobil og nett fell ut?

Dersom mobil og nett fell ut, har Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) fem beredskapstips i situasjonar der me står i fare å mista straum og mobilnett:

  1. Hugs at du kan ringa naudetatane sjølv om du manglar mobildekning, så lenge ein av dei andre mobiloperatørane har dekning i området.
  2. Du kan også bruka internett til å ringa med (bruk wifi på mobil).
  3. Sørg for å ha fullada mobiltelefon. Hugs at både datamaskin og bil kan brukast til å lada telefonen.
  4. Ha tilgjengeleg ein DAB-radio som går på batteri.
  5. Vurder abonnement hos ulike mobiloperatører, slik at ikkje alle i husstande mister dekningen samtidig.