Krig i Europa som pågår, og pandemien som var, gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.
Når noko alvorleg skjer, må kommunen prioritera å bruka ressursane sine og kompetansen sin på å ta vare på dei som treng det aller mest. Derfor vert du som er frisk og kan ta vare på deg sjølv oppmoda til å sørga for god nok eigenberedskap, slik at du kan ivareta deg sjølv og dine næraste i nokre dagar. Gjeldande råd om eigenberedskap er at befolkninga bør vera i stand til å ta vare på seg sjølv i minst sju døgn. Ved ei krise som rammar store delar av samfunnet, kan det ta tid før alt virker som normalt igjen, og du må fortsatt klara deg sjølv.
Under finn du nokre gode råde, slik at du er betre rusta dersom krisen inntreff - og dermed kan du bidra til eit meir robust samfunn.
Brosjyre om eigenberedskap (PDF, 16 MB)
Informasjon og gode råd for eigen beredskap finn du på nettsida "Sikker hverdag"
Kontaktplan
Ha ein plan for korleis du kan holda kontakt med dine næraste når ein krise oppstår.
Hugs å ha ein oppdatert liste av desse i papirversjon, viss mobilnettet skulle forsvinna.
Kven er dine viktigaste kontaktar?
Lag ei liste med namn, telefonnummer og adresse.
Lag ei liste over korleis du kan halda deg oppdatert. Her er nokre tips:
I samarbeid med Norges Blindeforbund har DSB ein brosjyre "Du er en del av Norges beredskap" for dei som les punktskrift. Brosjyren er også tilgjengeleg som lydfil. Finn meir informasjon om dette her: Egenberedskap for blinde og svaksynte
- Brann, naudnummer: 110.
- Politi, naudnummer: 112.
- Medisinsk naudtelefon: 113.
- Legevakt: 116117.
Eigen lege / apotek / dyrlege kan vera døme på andre viktige nummer.
Legg inn i eigen plan stader der de kan møtast i ulike krisesituasjonar.
Ta høgd for andre stader enn berre eigen heim.
Viktige forsyningar
Viss straumen vert vekke eller du vert isolert av været over lengre tid, bør du vera rusta til å ta vare på deg sjølv i nokre dagar. For å dekkja grunnleggjande behov i fleire døgn, treng du varme, drikke, mat, naudsynte legemiddel, sanitære artikler og moglegheit for å holda deg orientert om kva som skjer. Under ser du kva som er viktig for alle å ha heime.
Oppretthald væskebalansen ved å ha tre liter vatn per person til drikke og matlaging, per døgn.
Slik lagrar du vatn
Du treng god lykt for å kunne ta deg frem på ein trygg og effektiv måte når straumen er vekke.
Ha også batterilykt tilgjengeleg, og ekstra batteri.
Det finnast også lykter med solceller og sveiv.
Skap ein hyggeleg stemning i stova med levande lys når huset er mørkt.
Hugs branntryggleik!
Sett fantasien i sving og server gode og varme måltid med hermetikkmat.
Det er anbefalt eit lager som svarar til minimum sju dagars forbruk for hushaldninga.
Viss straumen går og komfyren ikkje verkar, treng du en alternativ varmekjelde til mat og varm drikke.
Har du stormkjøkken må du og ha ekstra brennstoff (rødsprit eller gass)
Huset blir fort kaldt om straumen går. Då er det godt med tjukke genserar og sokkar. Dette er også viktig å ta med om du forlet heimen.
Å halda varmen er essensielt. Ha nokre ekstra teppe / sovepose i skapet for kalde dagar.
I ein krise er det ikkje sikkert bank- og betalingsterminalar verkar. Ha nokre kontantar i bakhand i små valørar.
Du bør ha tilgang til hammar, spiker, multikniv og gaffateip til små reperasjonar i huset, om noko skulle bli øydelagt i ekstremvær.
Har du vedovn, bør du ha eit lite lager med ved som kan hjelpa deg å halda varmen ved behov.
Ein god hugseregel er 30L ved per døgn.
Ein batteridriven mobillader gjer det lettare å kommunisera med andre og halda seg informert i ein krise.
For å få lada denne finnast det t.d. ryggsekk med solcellepanel, eller små lause solcellepanel som kan festast på ein ryggsekk eller hengast utandørs. Desse kan lada mobiltelefonar direkte og/eller koplast til ein mobilladar (powerbank).
Sørg for at du kan slokka mindre brannar/branntilløp på eigahand.
For å føla seg trygg er det viktig å halda seg orientert.
Ha ein DAB-radio i huset – og still inn på NRK P1 for å få viktig informasjon.
Radioen må og ha batteri som reservestraum.
Toalettsaker, handsprit, såpe og vatn, samt søppelsekker er ein god start for å ivareta den personlege hygienen din under ein krise.
Slik lagar du naud-toalett
Dersom vatnet forsvinn vil du heller ikkje kunne nytta vassklosettet (toalettet). Då må du laga deg eit naud-toalett.
- Bruk ditt vanlege toalett til urin, men kast toalettpapiret i ein søppelpose.
- Avføring skal i eigen pose. Tre ein bærepose rundt toalettsetet eller ein bøtte. Før bruk; sjekk at bæreposen ikkje har hol. Bruk eventuelt to poser utanpå kvarandre for å vera sikker.
- Knytt bæreposen igjen når du er ferdig.
- Samle bæreposane i ein stor søppelsekk som du set utandørs.
- Søppelsekken bør plasserast slik at væske frå regn eller ein lekkasje frå sekken ikkje kryssar vegen der folk går inn og ut av bygningen.
Bur du på ein stad med stor hage eller skogen i nærleiken, er det mogleg å grava eit hol eller byggja seg ein latrine. Om du ikkje veit kva det er, kan du søkja på nettet i god tid før du faktisk har slikt behov.
Forsyningar som bør vurderast
Har du små barn, må du vurdera behov for babymat, morsmjølk-erstatning, bleier, våtservietter etc. for å klara dykk i minimum 1 veke.
Kopier av pass, førarkort og kontaktlister – digitalt og på papir.
Ikkje gløym å ha ekstra mat og vatn til familien sine kjæledyr.
For gravide, ammande og barn under 18 bør ein ha jodtablettar tilgjengeleg.
Desse kan kjøpast på apotek, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene.
Her er 5 gode råd frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) til eigenberedskap for nett og mobil:
- Sørg for at du har batteribank lada opp slik at du kan få lada mobilen om straumen forsvinn ei stund.
- Hugs at du også kan bruka bærbar PC eller bilen din som straumkjelde dersom du treng å lada mobilen.
- Vurder abonnement hos ulike mobiloperatørar - så mistar ikke alle i husstanden dekninga dersom det oppstår ein feil i èitt av mobilnetta. I mange mobiltelefonar er det t.d. mogleg for å ha to eller fleire SIM-kort/eSIM. Då kan du både ha familieabonnement som hovudabonnement, og at èin i husstanden samtidig har eit ekstra og rimeleg abonnement frå ein annan operatør, dersom ein har behov for den ekstra tryggleiken.
- Nkom har sørga for at det i fleire kommunar i landet er sikra tre døgn reservestraum til einskilde basestasjonar rundt t.d. kommunehus eller kommunesenter. Dit kan du dra om du har mista mobildekninga der du bur, og treng dekning for viktig kommunikasjon.
- Hugs at du kan ringa naudnummer 112 sjølv om du manglar mobildekning frå operatøren din, manglar eller har eit øydelagt SIM-kort eller ikkje har pengar på kontantkortet. Så lenge det er ein aktør som har nett tilgjengeleg vil du nå fram til naudetatane.
Nokre ting er hyggeleg å ha tilgjengeleg
Spel kan fungera som eit sosialt samlepunkt som får tida til å gå litt fortare.
Teikne- og skrivesaker er også kjekt.
Det er ei mengd hobbyaktivitetar som kan gjerast, sjølv om straumen er vekke. Ta fantasien i bruk.
Litt sjokolade eller salte nøtter gir energi og kan kanskje få deg i litt betre humør når straumen er vekke og du går glipp av favorittserien på Netflix eller andre plattformer.
Kva kan bidra til å gjera livet under litt lettare for dei yngste i familien, viss du må forlata heimen din?