Eigenberedskap

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. 

Som innbyggjar kan du utrusta deg til å klare deg sjølv i nokre dagar.

Pågåande krig i Europa og fleire år med pandemi, endring gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr med meir nedbør og kraftigare vind. Dette kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Bømlo er ein øykommune, og det må derfor påreknast at kommunen kan bli heilt eller delvis isolert i ein periode. I samband med dette kan kvar einskild innhente informasjon. Les meir om å vera førebudd og korleis du kan halda deg orientert. Hugs også å aktivera trafikkmeldingar på radioen i bilen.

Korleis er eigenberedskapen din?

Kor lenge klarar du deg i ein krise?
Èin time?
Fem timar?
Eitt døgn?
Èi veke?

Myndigheiten har no oppdatert tal dagar som befolkninga bør vera i stand til å ta vare på seg sjølv frå minst tre døgn til minst sju døgn. Ved ei krise som rammar store delar av samfunnet, kan det ta tid før alt virker som normalt igjen., og derfor er det viktig at kvar einskild har eigenberedskap.

Som utgangspunkt for refleksjon og diskusjon i heimen, i klasserommet eller liknande er denne øvinga til god hjelp: Sjekk eigenberedskapen din (pdf)

Kva bør du ha planlagt for og kva bør du ha i hus?

Brosjyre om eigenberedskap frå DSB (brosjyren er enno ikkje oppdatert frå 3 døgn til 7 døgn)

Informasjon og gode råd for eigen beredskap finn du på nettsida "Sikker hverdag"

Bilde som visar døme på kva du bør ha i hus. Jamfør punktlista i artikkelen. - Klikk for stort bileteEigenberedskapslager. Foto: DSB

Her finn du m.a. informasjon om

Til toppen