Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap

Om du ønsker å skjenke alkohol i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement.

Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bryllaup, bursdag, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit

ambulerande skjenkeløyve
 

Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit

skjenkeløyve enkelt høve 

Når treng du ikkje søke om skjenkeløyve?

Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling.

Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?

Løyvesøkar må vere fylt 20 år.

Du oppgir kven som skal vere ansvarleg for skjenkinga, skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år. 

Kor lang tid tek det?

Du får vanlegvis svar på søknad om ambulerande skjenkeløyve innan ei veke. 

Det vil ta lenger tid å få svar på søknad om skjenkeløyve for eit enkelt høve, eit ope arrangement. Her vil me spørrje politiet og sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet. Søk difor i god tid før arrangementsdato.

Kva kostar det?

Det kostar 440 kr. Me sender faktura

Lovar og forskrifter

Til toppen