Skjenkeløyve

Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld i 4 år. 

Når treng du skjenkeløyve?

  • Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol må du søke.

  • Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må først søke om serveringsløyve, deretter skjenkeløyve.

  • Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader mens du ventar på at søknaden vert behandla. 

Korleis få skjenkeløyve?

  • Styrar og reservestyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve.

  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva

  • Styrar og reservestyrar må vere over 20 år.

  • Styrar og reservestyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.

  • Det er krav om uklanderleg vandel.

Slik søker du

Søk om fast skjenkeløyve

Vedlegg du må ha med

  • Firmaattest for alle selskap involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no

  • Foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.no

  • Skatteatest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no

  • Teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering.

  • Bevis for godkjent kunnskapsprøve som stadfestar greidd prøve.

  • "Konseptutgreiing": opplysningar om kva slags skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknytning til skjenkestaden.

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen. 

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om skjenkeløyve

Korleis levere omsetnadsoppgåve?

Alle som har eit skjenkeløyve skal betale eit årleg bevillingsgebyr til kommunen. Gebyret blir rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsetje neste år. Kvar skjenkestad må melde inn omsetnadssoppgåve for alkoholholdig drikke kvart år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta

Til toppen