Salsløyve for alkohol

Butikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke ved høgst 4,7 % alkohol. 

Når treng du salsløyve?

  • Når du skal starte ein butikk med alkoholsal
  • Når du har overtatt ein salsstad med alkoholsal. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks 3 månader medan du ventar på din søknad skal verta behandla. 

Korleis få salsløyve?

  • Styrar og reservestyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova 
  • Styrar og reservestyrar må vere over 20 år.
  • Styrar og reservestyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk derfor i god tid. 

Søk om salsløyve

Vedlegg du må ha med

Kor lang tid tek det? 

Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk. 

Kva kostar det? 

Det er gratis å søke om salsløyve for alkohol.

Korleis levere omsetnadsoppgåve?

Alle som har eit salsløyve for alkohol skal betale eit årleg gebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol salsstanden forventar å selje neste år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6

Her kan du melde inn omsetnadsoppgåve

Salstider for alkohol i butikk frå 1. juli 2020

  • Måndag - fredag: 09.00-20.00.
  • Laurdag: 09.00-18.00
  • Dagar før helge- og høgtidsdagar frå kl 09.00 til kl 18.00 (gjeld ikkje dagen før Kristi Himmelfartsdag).
  • Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje på søn- og helligdagar, 1. og 17. mai. 
  • Påske- pinse, jule og nyttårsafta skal sal og utlevering av alkoholhaldig drikk opphøyre kl 15.00

Lov, forskrift og lokale vedtak

Til toppen