Kunnskapsprøve i alkohollova

Det er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år. 

Kor kan du ta prøvane?

Du kan ta prøvane på Rådhuset. Ring og avtal tid på 53 42 30 00 Det er nok å avtale nokre dagar i forkant.

Gjennomføring av prøvane

  • Dette er ein fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar.
  • du vil få 60 min til å svare på prøva.
  • Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier det første gongen.
  • Ta med gyldig legitimasjon når du skal avleggja prøva.
  • Prøva er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok.

Kva kostar det?

Det kostar 400 kr for kvar prøve. 

Pensum

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter.
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kap 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter.
  • I tillegg kan du kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv"- prøvar via vinn.no

Prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. 

Lover og forskrifter

Til toppen