Framande artar (Svartelista)

Framande artar er artar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Dersom slike artar får spreia seg fritt i naturen kan dei fortrengja eller gjera skade på andre artar som har naturleg tilhald hjå oss. 

Problemartar på Bømlo:

Plantar

Framande planteartar kan verta eit stort problem i naturen, og ein del planter er definert som uønska vekster. Dessverre har me slike planter også i Bømlo kommune.

Legepestrot

 I Bekk på Svortland har det i mange år vore kjent at planta Legepestrot veks, og førekomsten breier om seg. 

Les meir om Legepestrot

Boersvineblom

I Moster området har Boersvineblom vore  i fleire år. Statsforvaltaren har hatt aksjon for å hindra vidare utbreiing av denne planta på Bømlo.

Om boersvineblom

Bilete:

 

Transport av jord/lausmasser

Alle som transporterer jord og lausmasser har ei lovpålagt plikt til å sjå til at verksemda ikkje bidrar til spreiing av framande artar. 

Les meir om framande artar

Til toppen