Skogfond

Skogfondet er midlar som skogeigarane pliktar å setja av på fond ved sal av tømmer og biobrensel. Føremålet med ordninga er å sikra finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane.

Skogfondet skal gi deg som skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikra viktige miljøverdiar i  skogen som trevyrkje kjem frå.

Avsetting av skogfond er heimla i skogloven. Kvar skogeigedom har eigen fondskonto, og skogfondsmidlane er knytta til skogeigedomen.

Skogfondet kan brukast til:

  • Skogkulturtiltak som planting og ungskogpleie
  • Bygging av skogsvegar og velteplassar
  • Vedlikehald av skogsbilvegar og velteplassar
  • Miljøtiltak. Tiltak i kantsona av skogen.
  • Skogbruksplanlegging
  • Forsikring av skogen
  • Kurs i høve til drift av skogen

Les meir om skogfondsordninga her

Til toppen