Søkja nydyrking

Alle som ønskjer å dyrka nye areal til jordbruksformål må søkja kommunen om godkjenning. Nydyrking av myr er ikkje lenger tillate. Kommunen kan i særlege tilhøve gi dispensasjon til nydyrking av myr.

Dersom du vil søkja om nydyrking må du ha ein plan for dette som skal godkjennast av kommunen. Du må søkja på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet og senda den til kommunen.

Du må leggja ved eit kart som viser plan for grøfting av nydyrkingsfeltet.

Kommunen skal vurdera kva for verknader nydyrkinga vil ha for natur- og kulturlandskapsverdiane i området. Me sender søknaden din på høyring til Fylkesmann i Vestland og Vestland Fylkeskommune. 

Ved nydyrking skal det setjast att ei vegetasjonssone på 6 meter langs vassdrag. Dersom arbeidet ikkje er sett i gong  innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.

Les  meir om nydyrking og søknadskjema

Bruk gardskart som kartvedlegg til søknaden

Nydyrkingsforskrifta

Til toppen