SMIL -søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket

Statsforvaltaren i Vestland løyver midlar kvart år til kommunane. Tildeling av midlar kan variera frå år til år. Føremålet er å fremja natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusera forureininga ut over det ein kan venta gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Det kan søkjast om SMIL tilskot til følgjande: 

  • miljøtiltak 
  • kulturlandskapstiltak 
  • rydding av gamal kulturmark (beiterydding) 
  • inngjerding av gamal kulturmark
  • restaurering av verneverdige bygningar 
  • tiltak for å ta vare på biologisk mangfald 
  • tiltak for å ta vare på kulturminne

Landbrukseigedomar med husdyrhald som mottek produksjonstilskot kan søkja.

Søknadsfristen er 1 juni kvart år. 

Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.

Søk om tilskot her

Meir informasjon om regelverk

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar i Bømlo 2024 – 2027

Mål: Landbruksnæringa i Bømlo skal sikrast langsiktige rammevilkår som sikrar bøndene gode levekår. Landbruket må drivast miljømessig og innehalda eit mangfald av produksjonar, og det må leggjast vekt på å ta vare på kulturlandskapet. Det må vidare leggjast stor vekt på å ta i bruk alle ressursane på gardane for å skape tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk.

Strategiar med tiltak:

1.    Ta vare på Kystlyngheia i kommunen. 
Kystlynghei er frå 2015 ein utvalt naturtype etter naturmangfaldslova. 
Bømlo har store samanhengande område med lynghei og det bør vere eit prioritert tiltak dei neste 3 åra og ta vare på mest mogleg av lyngheiområda. 

Tiltak: 
•    Gi tilskot til grunneigarar som vil gjerde inn lyngheiområde. 
•    Gi tilskot til rydding av brake og tett kratt som veks opp i lyngheiområde. 
•    Gi tilskot til brenning i område med lynghei.

2.    Stansa attgroinga i landbruket sitt kulturlandskap vil framleis vere ei hovudutfordring. 
Talet på brukarar som søkjer om produksjonstillegg i jordbruket har vore stabilt. . Ved søknadsomgangen 30.03.23 var det 119 søknader om produksjonstilskot. Det har vore ein nedgang i tal bruk med mjølkeproduksjon. Pr. 1.1.2003 var det 20 bruk med 247 mjølkekyr. Pr. 30.03.2023 er det 3 bruk med 97 mjølkekyr att. 

Når det gjeld saueholdet så var det i 2008 4942 vinterfora sauer på 75 bruk. I 2023 er 5024 vinterfôra sauer på 97 bruk. . Dette viser at talet på sau har vore stabilt dei siste åra sjølv om som talet på storfe har gått ned. Her meiner me at stønadsordningar som SMIL der bøndene har fått tilskot til å setje opp nye gjerder har vore viktig. Ordninga har vore ein stimulans for dei som driv med sau. SMIL tilskotet har motivert bøndene til å setje opp gjerde for å ta nye beiteområde i bruk. 

Mange saueeigarar ynskjer å auke opp talet på dyr dersom dei hadde større samanhengande beiteområde. Det vert difor svært viktig at ein med SMIL midlar kan få inngjerda større samanhengande område. 
For nokre år sidan vart det laga turkart over heile kommunen. I kartet er det sett opp 37 turstiar og turmål. Fleire av desse turstiane går langs med innmarksareal og særprega kulturlandskapsområde. Stiane er viktige for å sikre ålmenta tilgjenge til kulturlandskapet. 

Tiltak: 
•    Gi tilskot til inngjerding av gamal kulturmark. Dette er kulturmark som er forma av tradisjonelle driftsformer i landbruket og som framleis har preg av det. 
•    Gi tilskot til rydding brake og lauvkratt på innmarksbeite . 
•    Gi tilskot til inngjerding av innmarksbeite på bruk som sluttar med ku og ungdyr og går over til sauehald 
•    Gi tilskot til gjerdeklyvar/grinder der tursti går gjennom inngjerda beiteområde. 
•    Gi tilskot til rydding som hindrar attgroing langs vegane på Bømlo.
•    Bømlo kommune opnar for at det kan søkjast om SMIL-tilskot også for Nofence frå og med 2024.

3.    Ta vare på biologisk mangfald.
I samband med kartlegging og verdifastsetting av naturtypar vart det slått fast at Bømlo hadde 38 område som er vurdert som svært viktige såkalla A- område. Dei mange A- områda viser at det er mykje interessant natur i Bømlo, og ei rekkje lokalitetar med sjeldne artar. Det er registrert 15 raudlista artar karplantar, der fleire knapt finst i andre kommunar i Hordaland. Tiltak som går på å ta vare på biologisk mangfald bør difor prioriterast høgt i vår kommune.

Tiltak: 
•    Gi tilskot til skjøtseltiltak i dei område som er registrert som spesielt viktige i naturbasen. 
•    Gi tilskot til tiltak i for å ivareta elvemusling i Åreiddalselva. 
•    Tiltak for å ivareta insekt og bier t.d. redusert bruk av plantevernmiddel og ved å ta vare på blomstereng ved utsett slått.

4.    Ta vare på verneverdige bygningar og kulturminne. 
Bømlo har som kystkommune mange verneverdige bygningar knytt til den tradisjonelle fiskarbonden. Dette er bygningar som naust, jordkjellarar, utefjos, driftsbygningar og våningshus. Ein del verneverdige bygningar er restaurert , men ein del bygningar står att og det er viktig at det vert gjeve tilskot til desse. 

Tiltak: 
•    Gi tilskot til restaurering av freda og verneverdige bygningar i landbruket. 
•    Gi tilskot til restaurering av steingardar. 
•    Gi tilskot til restaurering av kulturminne og kulturmiljø i landbruket. 

Til toppen