Du kan gje Fiskeridirektoratet tips om til dømes fangst av rømt oppdrettsfisk, ulovleg sal eller fiske, eller funn av etterlatne fiskereiskap.
Du brukar same skjema for alle typar hendingar du vil gje tips om. Du vel sjølv om du skriv kven du er, men det er nyttig for Fiskeridirektoratet å ha moglegheita til å kontakta deg.
Send inn ditt tips
Slik handsamar Fiskeridirektoratet innkomne tips
Alle tips blir lese og vurderte konfidensielt. På grunn av teieplikta kan ikkje Fiskeridirektoratet alltid fortelja deg akkurat korleis ditt tips blir følgd opp. Av og til må Fiskeridirektoratet også undersøkja meir og samhandla med andre etatar, før tipset kan følgjast opp. Tips på e-post, som er arkivverdig etter arkivlova, vil bli registrerte i Fiskeridirektoratet sin offentlege postjournal.
Sist endra 25.01.2024 16:38