Akvakultur-fiskeoppdrett

For at du skal etablera eit anlegg for fiskeoppdrett, må bedrifta di søkja om løyve frå fleire mynde. 

Løyve til å driva oppdrett på ein bestemt lokalitet vert gjeve etter einskildsøknad.

Søknaden skal sendast til Vestland Fylkeskommune.

Fylkeskommunen sender søknaden vidare til alle andre instansar som skal handsama søknaden.

Bømlo kommune får søknaden tilsendt og legg søknaden ut til offentleg gjennomsyn. Bømlo kommune gir etter dette fråsegn til søknaden.

Vestland Fylkeskommune avgjer søknaden.

Meir om akvakultur-fiskeoppdrett finn du hos Miljødirektoratet

Reglar og forskrifter finn du hos Fiskeridirektoratet

Bømlo fiskerihamn

Til toppen