Reglar for bruk av symjehallen
Generelle reglar i bømlo symjehall
- Ein må vera fylt 12 år for å gå åleine i symjehallen. Barn under 12 år må ha med seg ein vaksen over 18 år
- Ein vaksen kan ha med seg 3 barn under 12 år
- Barn som nyttar armringar skal ikkje vera i 25m bassenget utan følgje
- Etter ein er fylt 10 år kan ein ta "våtkort", dette medfører at ein kan gå åleine i symjehallen frå ein er 10 år
- Badebleie er påbode i symjehallen for alle som nyttar bleie. Badebleie er inkludert i billetten for barn som nyttar bleie. Ein skal ha badebukse/badetøy utanpå badebleia.
- Alle må dusje utan badetøy, og vaske kropp og hår med såpe før ein går i bassenget. Det er dusjnisje med dør i alle dusjane.
- Det er kun badetøy som er tillatt i bassenget. Det er ikkje løyve til å ha undertøy under badetøy eller anna tøy over som t.d t -shirt.
- Fottøy skal takast av i gangen før du kjem inn i garderobane
- Det er forbod om tyggis og snus i symjehallen
- Barbering, negleklipp o.l er forbode i dusj/garderobe
- Dersom ein har langt hår skal håret samlast i strikk eller ein kan nytte badehette
- Det er generelt fotoforbod, dette gjeld også mobil med kamera, i symjehallen - unntak ved offentlege stemne, under instruksjon eller etter avtale
- Bømlo symjehall tar ikkje ansvar for personlege eigendelar, sørg for at du tar alt med deg heim, sjekk skapet.
- Gløymt tøy blir tatt vare på i 4 veker, etter det blir det gitt vidare til veldedige formål
- Ein må vera oppe av bassenget seinast 15 min før stenging slik at ein er ute av garderoben til me stenger
- All bading skjer på eige ansvar. Badevertane er her for din tryggleik
- Følg skilting, informasjon og anvisning frå badevertane.Bømlo symjehall kan bortvise gjester ved brudd på reglement og uønska åtferd
Reglar for bruk av badstu
- Dusj før du går i badstua
- Sit på eit reint handkle
- Reint badetøy kan nyttast om ein ønskjer
- Det er ikkje tillatt med negleklipp, barbering, bruk av kroppsoljer/kremar eller anna kroppsbehandling
- Bruk av mobiltelefon er ikkje tillatt
- Ta omsyn til andre
- Kun små mengder vatn på omnen om gangen
- Hald døra lukka slik at temperaturen held seg mest mogleg stabil. Dersom døra blir ståande i open posisjon vil omnen slå seg av automatisk
- Omnen er varm! Unngå å legge gjenstandar på omnen
- Avslutt umidellbart dersom du føler deg uvel eller svimmel
- Barn under 15 år kun i følgje med vaksne
- Sjuke, gravide og små barn frarådes å nytta badstua
·
Sist endra 06.02.2025 13:54