I oppstartsfasen er det lurt å laga ei skisse som viser formålet, kvar prosjektet er og kven som vil vera interessentar.
Kva
Innleiingsvis er det lurt å definera kva som er formålet med prosjektet. Døme på formål er trafikksikring, aktivitetsfremjande møte- og leikeplass eller utvikling av friluftsområde.
Kvar
For mange prosjekt er det kjent kvar ein vil gjennomføra prosjektet, medan det i andre tilfelle kan vera fleire aktuelle plasseringar.
- Gjennom https://kommunekart.com/klient/Fonnakart/ får ein fram gards- og bruksnummer gjennom å aktivere kartlaget «eiendom»
- Via https://www.arealplaner.no/4613/arealplaner/ får ein fram gjeldande reguleringsplan
- Ved å logga inn med MinID/BankID kan ein finna namn på grunneigar i grunnbok på www.seeiendom.no.
Kven
Det er lurt å tenkja gjennom kven som vil vera interesserte i prosjektet fordi dei til dømes vil delta/bruka, kan vera naudsynte å samarbeida med eller som kan ha motstridande interesser.