Kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit skal handle om korleis kultur og idrettsfeltet kan bidra til å skapa gode lokalsamfunn gjennom deltaking, medverknad, utøving og oppleving av kunst, kultur og idrett i heile kommunen.
Spørjeundersøking
I fyrste del av arbeidet svarte 47 ulike lag og organisasjonar på ei kartlegging om aktivitetar i laget/organisasjonen, rekruttering, drift og bruk av lokalar og anlegg, finansiering og støtteordningar, nettverk, kurs og kompetanseheving. Alle som svarte var med i trekninga av tre tildelingar på 5000,- kr til drift av laget/organisasjonen. Dei som vann var Dissimilisgruppa the Jokers, Mannskoret Havdur og Moster sogelag.
Oppsummering kartlegging lag og organisasjonar (PDF, 207 kB)
Dialogmøte med lag og organisasjonar
18. april møtte 54 personar frå 35 ulike lag og organisasjonar kommunen til årleg dialogmøte. I år var tema innspel til kommunedelplanen for kultur, idrett og frivilligheit.
Oppsummering dialogmøte med lag og organisasjonar 18.april 2023 (PDF, 186 kB)
Hadde ikkje ditt lag eller organisasjon moglegheit til å delta kan de no også svara på spørsmåla som vart diakutert under her. Ved å leggja inn svar godtek de at kommunen nyttar svara i sitt arbeid.
Har du spørsmål eller innspel om planen? Ta gjerne kontakt med Elisabeth Holme Grønnevik (tlf. 91165377).