Fritidskortet

I 2025 får alle som fyller 11 til 15 år i 2025 dekka inntil 2000,- kroner i året til medlemskontingentar/deltakaravgifter til faste, organiserte aktivitetar. 

Aktivitetsoversikt og bruk av fritidskortet

  • Du finn faste, organiserte aktivitetar og arrangement for barn og unge i Bømlo på www.aktivitetforalle.no
  • For å bruka fritidskortet går du inn på   Søknadsskjema vår 2025. Her kan du  leggje inn informasjon som er nødvendig for å få utbetalt inntil kr. 2000 i tilskot til fritidsaktivitetar. 
  • Fritidskortet kan betale faktura til lag/organisasjonar eller refundere faktura som allereie er betalte. 
  •  

Merk at det tar om lag to veker frå du har betalt fakturaen til betalinga blir registrert i fakturaportalar osv. 

Saknar du ein aktivitet du deltek på, er det ein aktivitet du kunne ønske var i Bømlo eller har du spørsmål? Send oss gjerne epost på aktivitetforalle@bomlo.kommune.no.

Presentasjon med informasjon og brukarrettleiing om Fritidskortet (PPTX, 2 MB)

Kva er fritidskortet?

Sidan hausten 2021 har Bømlo hatt ei lokal ordning med fritidskort.  Fritidskortet vart innført for å gje fleire barn og unge høve til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar.  Kommunestyret vedtek årleg om fritidskortordninga skal vidareførast i kommande år. 

Bruk av fritidskortet

Lag, organisasjonar og aktivitetar og Fritidskortet

Studentoppgåve om fritidskortet og tilrettelegging for barn og unge i Bømlo kommune

Hausten 2021 har ei studentgruppe med vernepleie og sosial arbeid-studentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) intervjua lag, organisasjonar og deltakarar om deira erfaringar med fritidskortet og tilrettelegging for barn og unge. Funna vil liggja til grunn for vidare arbeid med innføring av fritidskortet og tilrettelegging av fritidskortet. 

Rapport om fritidskortet og tilrettelegging barn og unge i Bømlo kommune (PDF, 195 kB)