I nokre tilfelle skjer medverknad i Bømlo gjennom informasjon, konsultasjon og dialog, medan innbyggjarane i andre tilfelle blir invitert til å vera med å setja dagsorden og medstyra.
Slik kan innbyggjarane i Bømlo påverka politisk
Slik kan innbyggjarane i Bømlo engasjera seg i grendautval og andre lag og organisasjonar
ABCD-metoden
Bømlo kommune starta å jobbe med utgangspunkt i ABCD-metoden i samband med prosjekt for helsefremjande nærmiljø. Sidan dette har ABCD-metoden vore grunnlag for ei rekkje prosjekt, prosessar og satsingar. Mange innbyggjarar, lag, organisasjonar og grendautval og kommunalt tilsette har delteke på kurs og aktivitetar i samarbeid med fagseksjon for samfunnsarbeid ved Høgskulen på Vestlandet og Nurture Development.
ABCD er ei styrkebasert tilnærming som viser korleis me kan utvikla samfunnet ved å ta utgangspunkt i kva styrkar og ressursar me har å spela på, ikkje kva som er problemet eller utfordringane (Russell 2020: 13).
Kjelde: Russell Cormac (2020): Rekindling Democracy - A Professional's Guide to Working in Citizen Space. Cascade Books.
Bømlo kommune har i perioden 2019-22 eit program for folkehelsearbeid retta mot medverknad og deltaking for god trivsel og livskvalitet for alle barn og unge. Prosjekta er finansiert med støtte frå Vestland fylke, Helsedirektoratet og Sparebankstiftinga SR-bank.
Målet er at barn og unge er medvitne om eigne ressursar, at dei har verdi og er viktige aktørar i sitt lokalsamfunn, i barnehagen og i skulen. Bremnes ungdomsskule, Meling skule, Maurtua barnehage og ungdomsrådet deltek i prosjektet. I tillegg nyttar vi metode og erfaringar i planprosessar og arbeid i heile Bømlo.
Prosjektplan Program folkehelse 2019-22 (PDF, 527 kB)
Oppsummering og evaluering av program for folkehelse 2020-21 (PDF, 2 MB)
I 2021/22 spelar ungdomsrådet ei sentral rolle i prosjektet Ungdom ved roret. I prosjektet testar me mellom anna ut ein alternativ organisering av ungdomsrådet i Bømlo med kick off-samling og prosjektbasert arbeid. Eit ungdomsrådsstyre møtast om lag ein gong kvar månad, medan alle elevrådsrepresentantane på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane møtast tre gonger i løpet av skuleåret.
Tema ungdomsrådet engasjerer seg i er betre kollektivtransport, møteplassar for ungdom, ALLEMED i fritidsaktivitetar, psykisk helse i skulen og forhindre kroppspress og jakt og gardsbruk som valfag i ungdomsskulen.
Søknad Ungdom ved roret (PDF, 7 MB)
Oppsummering kick off ungdomsrådet (PDF, 5 MB)
Oppsummering ALLEMED-dugnad i Bømlo hausten 2021
Bømlo kommune har gjennom fleire større folkehelseprosjekt nytta Asset Based Community Development (ABCD) som metode/prosess i vårt folkehelsearbeid. Det har gitt oss høve til medverknad frå våre Iokalsamfunn, skular og internt i organisasjonen. Før dette prosjektet hadde ein likevel ikkje hatt ein brei opplæring på tvers av dei ulike sektorane, slik at det har vore veldig stor forskjell på kva kunnskap dei ulike delane av kommunen har hatt om metoden.
I 2020-21 fekk Bømlo 100000,- kroner frå Vestland fylke for å arbeide med ABCD i kommunen. Gjennom midlane har me i Bømlo kunna bidrege til utvikling og gjennomføring av ABCD-kurs og leiarforum, tilpassa pandemi og restriksjonar. Me har også lagt vekt på å integrera ABCD i ulike prosessar og prosjekt i kommunen. Gjennom heile perioden har rådgivar for folkehelse og frivilligheit koordinert utvikling og gjennomføring av kurs og seminar, samt vore ressurs for å integrera metoden i søknadar og prosessar.
Oppsummering ABCD i kommunen med vedlegg (PDF, 2 MB)
Prosjektet er driven av Bømlo vaksenopplæring i samarbeid med IMDI. Prosjektet har vore ein del av ein større pilot i Bømlo kommune som tilbyr Inn på tunet tenester til ulike brukargrupper. Bømlo vaksenopplæring har hatt eit opphald med 5 deltakarar på Gullvegen gardstun hausten 2021. Brukargruppa som kom frå Bømlo vaksenopplæring har lite eller ingen formell medbrakt kompetanse, men har bakgrunn frå gardsdrift og handtverkaryrke. Me valde å nytte ressurskartleggjingsverkty frå ABCD tilnærminga der me kartla deltakarane sine ressursar i forkant av opphaldet på garden. Deltakarane satt i gruppe saman med morsmålsassistent og skulle fortelje kva ressursar dei har lært (hovudet), kva praktiske ressursar dei har (hender) og kva personlege ressursar dei har med seg (hjarta). Prosjektleiar skriftleggjorde desse på post it lappar og la ut over bordet slik at deltakarane sjølv kunne sjå kor mykje ressursar dei til saman hadde. Prosjektleiar hadde ansvar for at desse ressursane på post it lappane i neste omgang vart oversett til morsmålet til dei deltakarane som var med på Gullvegen.
Ruslemaking
«Ruslemaking» er ein metode for å kartleggja kvalitetar i nærmiljøet ved å bevege seg og nytte sansane, med tilhøyrande work-shop. Metoden kan nyttast for alle generasjonar. «Ruslemaking» har blitt initiert av samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune Alf Helge Greaker. Saman med ungdomsråd, elevar og barn frå ulike skular og barnehagar har kommunen vidareutvikla «Ruslemaking».
Ruslemaking er ein metode for medverknad utvikla av Bømlo kommune for utvikling av nærmiljø
Alf Helge Greaker