Støttekontakt/fritidskontakt

Ein støttekontakt også kalla fritidskontakt hjelper deg som treng tilretteleggjing for å delta i sosiale aktivitetar og få ei meiningsfull fritid.

Ferietilskot til personar med nedsett funksjonsevne

Kommunestyret vedtok  samrøystes 17.6.2024 å gjeninnføra ferietilskot til personar med nedsett funksjonsevne med ei ramme på 60.000 kroner under budsjettrevisjonen for 1. halvår 2024. Dermed gjorde dei om sitt eige vedtak om avvikling gjort i møte 15.04.2024.  

Nytt søknadsskjema er under produksjon

Bakgrunn
Det blei i revidert budsjett 2018 vedteke å setja av kr 100 000 til utprøving av ei ny tilskotsordning med ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunedirektøren fekk fullmakt til å utarbeida og iverksetja retningslinjer fram til kommunestyret vedtok endelege retningslinjer. Retningslinjer blei politisk handsama i mars 2021, med vidareføring av ordninga.I 2023 vart det utbetalt 54 100 kroner i ferietilskot.

Kva er ein fritidskontakt:

Fritidskontakten skal vera med å leggja til rette for at brukaren :

  • Kan delta i ulike fritidsaktivitetar/ tilbod
  • Får utvida det sosiale nettverket sitt
  • Får støtta til å oppleva meistring

Kven kan søkja:

Du som har behov for fritidskontakt på grunn av  funksjonsnedsetting eller sosiale vanskar.

For å få ein fritidskontakt må du ha eit behov som er av ein slik art at du har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen.

Ein må vera busett i Bømlo kommune.

Kva kostar det?

Det er gratis å motta fritidskontakt, men den som mottek fritidskontakt må sjølve dekke sine utgifter til den aktuelle aktiviteten.

Dersom du er avhengig av eit følgje kan du ha rett på følgjeprov, då kan fritidskontakten din kan få gratis inngang til enkelte aktivitetar.

Ein kan søkja om følgjeprov her 

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer

Søknadsskjema for fritidskontakt - registrering 

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Meir informasjon

Er du fritidskontakt/støttekontakt?

Her finn du informasjon som gjeld deg som er støttekontakt

Vil du bli fritidskontakt/støttekontakt?

Har du lyst til å hjelpa andre til ei meiningsfull fritid? Det er ingen krav til fagleg utdanning, men ein legg stor vekt på personlege eigenskapar. Oppdraget kan variere frå 2 til 5 timar i veka. Det er ynskjeleg at ein kan binda seg til oppdraget for ein lengre periode, helst eit år. Alle må levere politiattest. Det er ikkje eit eige skjema for å søkje. Du sender ein e-post til oss med litt informasjon og så tek vi kontakt med deg. 

E-posten kan sendast til: reidun.sortland@bomlo.kommune.no

Telefon: 53 42 34 70

Til toppen