LangtidsopphaldLangtidsopphald er eit tilbod til deg som har eit varig behov for pleie og omsorg gjennom heile døgeret. Behovet er omfattande og kan ikkje dekkjast av heimesjukepleie i eigen heim eller i omsorgsbustad.Kven kan søkje om langtidsopphald?Dei som ikkje meistrar å bu i eigen heim på grunn av omfattande pleie og omsorgsbehov gjennom heile døgeret. Hjelpebehovet og funksjonstapet må vere varig Andre aktuelle hjelpetiltak må vera vurdert og/eller prøvd ut. Td heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggleiksalarm og tilrettelegging av bustad Dersom det vert innvilga langtidsopphald og det ikkje er ledig plass vert du sett på venteliste. Bømlo kommune har utarbeida kriterie for tildeling av langtidsplassSlik søkjer duI søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer om langtidsopphaldSøknadsskjema for langtidsopphald i sjukeheim finn du her (PDF, 406 kB)Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.Send søknad til:Bømlo kommuneTenestekontoretLeirdalen 255430 BremnesDu kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.Kva kostar det?Prisen for ein langtidsplass vert rekna ut frå grunnpensjonen din frå folketrygda og inntekta di etter skatt. Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenesterMeir informasjon Kor kan eg få meir informasjon? Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring 53 42 34 70 Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det? Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. Kan eg klaga om eg ikkje får innvilga søknaden min? Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skrive klagen? Ring oss gjerne på telefon 53 42 34 70 Aktuelle lover og forskrifter Helse og omsorgstjenestelovenPasient og brukerrettighetslovenForskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenesterForskrift om rett til langtidsopphald i Bømlo kommune Sist endra 23.01.2024 09:46