RusvernkonsulentHar du utfordringar med rus- eller avhengigheit kan du få hjelp frå rustenesta. Rustenesta kan gje råd, rettleiing og tilbyr oppfølging av menneske som har eit rusproblem, ein avhengigheit eller står i fare for å utvikla eit problem. Kven kan få tilbodet? Vaksne (over 18 år) som treng råd, rettleiing og oppfølging knytt til rus eller avhengigheit. Kva kan me tilby? RusvernkonsulentRåd og rettleiingOppfølging av politikontraktHjelp til å laga kriseplanStøtte- og oppfølgingssamtalarHjelp til å få kontakt md andre tenester, opprette og koordinere møterTilvising til Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og/eller oppfølging etter behandlingTilvising til Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) Kven skal eg kontakte? RusvernkonsulentDu kan ta direkte kontakt med Tenestekontoret på telefon 53 42 34 70. Rustenesta har arbeidstid på dagtid måndag til fredag og er ikkje ei akutt- eller døgnteneste. Har du akutte utfordringar kan du ta kontakt med Sunnhordland interkommunale legevakt.Rustenesta har arbeidstid på dagtid måndag til fredag og er ikkje ei akutt- eller døgnteneste. Har du akutte problem kan du ta kontakt med legevakta Slik søkjer du Søknad om rusvernkonsulent skal sendast til Tenestekontoret. Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling?Ring Tenestekontoret på telefon 53 42 34 70 elleravdelingsleiar for rustenesta på telefon 950 26 822Søknadsskjema finn du her (PDF, 406 kB) Kva kostar det? Tilbodet er gratis Er du bekymra for nokon som er rusavhegig? Ta gjerne kontakt med oss for råd og rettleiing. Rustenesta har og ansvar for å setja i verk tvangsinnlegging etter Helse- og omsorgstenestelova §10-2 og §10-3 i dei tilfelle det er fare for liv og helse. Er du pårørande? Pårørande kan og ta kontakt for råd og rettleiing, eller for henvising til oppfølging for pårørande i Helse Fonna. Sist endra 07.02.2025 13:39