Individuell plan og koordinator

Om du har behov for fleire helse- og omsorgsteneste over lengre tid har du rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP) dersom du ynskjer det. Planen skal sikre deg eit helskapleg tenestetilbod.

Kven kan søkje om individuell plan?

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein individuell plan.

Kva får du?

Individuell plan (IP) er eit planleggingsdokument som hjelper deg å setje personlege mål. Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla. Du deltek aktivt i å lage den. Det blir berre laga ein individuell plan dersom du ynskjer det. Planen skal vera eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparat.

Du får oppnemnt ein koordinator som skal sørgja for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med planen.

Sjølv om du ikkje ynskjer å få utarbeida ein individuell plan kan du likevel søkja om å få oppnemnt ein koordinator.

Slik søkjer du

Du bruker felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkja om individuell plan

Søknadsskjema til IP/koordinator finn du her

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:
Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

Individuell plan og koordinator er gratis.

Kor kan du få meir informasjon?

Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

Korleis blir søknaden behandla kor kor lang tid tek det?

Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtala eit heimebesøk. På heimebesøket vil dei snakka med deg om ditt hjelpebehov.

Tenestekontoret sender deg eit vedtak etter heimebesøket. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

Aktuelle lover og forskrifter 

Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Til toppen