SkulehelsetenestaSkulehelsetenesta er eit tilbod til elevar og føresette der ein kan få råd og rettleiing. Alle skulane i Bømlo kommune har skulehelseteneste med helsesjukepleiar ute på skulane. Helsesjukepleiar har teieplikt, og tilbodet er gratis. Formålet med skulehelsetenesta er å førebyggje sjukdom og skade i tillegg til å fremme eleven si helse, både fysisk, psykisk og sosialt. Skulehelsetenesta skal vere eit tilbod som er lett å oppsøke, der du blir tatt på alvor når du tar kontakt for å snakke om små og store helseproblem og utfordringar. Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med? Helsesjukepleiar tilbyr:Enkeltsamtalar og oppfølgingForeldrerettleiingPubertetsundervisningSeksualundervisningUlike gruppetilbodVaksineringDersom det er behov kan me hjelpe deg vidare i systemet. Program skulehelsetenesta 1. trinn: Helseundersøking med helsesjukepleiar og lege2. trinn: Vaksinasjon3. trinn: Vekt- og høgdemåling med kort trivsel samtale5. trinn: Helseopplysning til jenter om pubertet i klasse eller gruppe. Helseopplysning om psykisk helse i klasse6. trinn: Helseopplysning til gutar om pubertet i klasse eller gruppe. Vaksinasjon7. trinn: Overgang til ungdomskule. Vaksinasjon8. trinn: Undervisning i klasse og individuell trivsel samtale med vekt- og høgdemåling9. trinn: Seksualundervisning10.trinn: VaksinasjonVidaregåande skule: Tilbod om vaksinasjon Kontakt ossKvar skule har eigen helsesjukepleiar. Ta kontakt med helsesjukepleiar på din skule på lista under eller ring Helsestasjonen på Bremnes.Helsestasjonen på BremnesTelefon: 53 42 33 37 . Open kvardagar mellom kl. 08.30 - 11.30 og 12.30 - 14.30. Postadresse:Bremnes HelsestasjonLeirdalen 1 5430 BremnesBremnes ungdomsskule Foldrøy skuleGilje skule Hillestveit skuleMeling skule Moster skule Rubbestadneset skule Svortland skuleVåge skule Barnevaksinasjonsprogrammet.Anbefalt barnevaksinasjonsprogram for norske barn er fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet. Alle barn skal tilbys vaksinasjon etter programmet, men all vaksinasjon er frivillig. Tilbodet i barnevaksinasjonsprogrammet står ved lag opp til 20 år utan kostnad. Ungdom som tidlegare har takka nei, eller ikkje har mottatt tilbod om vaksinar i programmet, kan ta kontakt med skulehelsetenesta for avtale om vaksinasjon.Oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet Sist endra 12.02.2025 15:15