Miljøteneste

Miljøteneste er eit tilbod til deg som treng praktisk og personleg hjelp i dagleglivet sine gjeremål. Målet er at du får muligheit til å leva og bu sjølvstendig og ha ei aktiv og meiningsfull tilvære saman med andre.

Kven kan få tilbodet?

Personar over 18 år som bur eller mellombels oppheld seg i Bømlo kommune, og som har ei funksjonsnedsetting grunna psykisk sjukdom eller rusutfordringar.

Kva kan du få hjelp til?

  • Hjelp til sjølvhjelp
  • Hjelp til å bu og organisera eige liv
  • Tilrettelegging, råd og rettleiing slik at du kan meistra oppgåvene sjølv
  • Praktisk og personleg bistand
  • Nødvendig helsehjelp

For å motta miljøteneste må du delta ut frå eigne føresetningar. Du må vera tilstade når tenesta vert gitt og delta saman med den som gir deg hjelp.

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.

Søknadsskjema om miljøteneste finn du her (PDF, 406 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Kva kostar det?

Praktisk bistand er ei betalingsteneste og husstanden si samla inntekt avgjer kor mykje du må betale.

Opplæring er gratis.

Her finn du oversikt over prisar og gebyr i Bømlo kommune

Meir informasjon

Aktuelle lover og forskrifter 
Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjeneste

Til toppen