Introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar

Bømlo vaksenopplæring har ansvar for introduksjonsprogram i kommunen. Busette flyktningar mellom 18 og 55 år som har rett og/eller plikt til grunnleggande kvalifisering får tilbod om introduksjonsprogram.

Introduksjonsprogrammet er eit heilårs- og fulltidstilbod. Programtida vil variere. 

Introduksjonsprogrammet består av kvalifisering ut personen sin medbrakte kompetanse. Programmet består av opplæring i norsk og samfunnskunnskap, språk- og arbeidspraksis og karriererettleiing. I tillegg andre kvalifiserande tiltak som til dømes grunnskule, vidaregåande skule, foreldrerettleiing og livsmeistring.   

 Her finn du lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova)

Sjå Ein veg inn i arbeidslivet?  (PDF, 3 MB)

For spørsmål om om introduksjonsprogram, ta kontakt med Bømlo vaksenopplæring på bvopost@bomlo.kommune.no eller tlf. 53 42 36 90.

Til toppen