Søknadsportalen for skuleåret 2025/2026 er open frå 10. mars. Søknadsfrist for 2025 er 1. april. NB! Denne fristen er tidlegare i år enn den har vore før!
Det er berre barn som ikkje allereie har SFO plass det treng søkjast for. Dei som har SFO plass og ynskjer endring, må melda dette innan 1.april, for at endringa skal skje frå 01.08.2025. Innlogga i Vigilo finn ein alternativa ein kan velja.
Søknadar om SFO plass eller auke i den SFO plassen ein har som kjem etter 1.april, vil i liten grad bli innfridd. Skulane planlegg bemanning etter dei borna som har/har søkt SFO plass 1. april.
For at det skal vera eit morgontilbod på SFO og på ettermiddagstid frå 15:40-16:00, må det vera påmeldt 12 eller fleire barn for at skulen skal tilby ei skulefritidsordning på desse tidene. Etter 1.april ser skulane om det er nok påmelde til å oppretta eit slikt tilbod. Dette gjeld alle skulane, både dei fulldelte og dei fådelte.
Regjeringa har i vår ute på høyring ny forskrift om rett til eit gratis SFO tilbod på 12 timar pr veke for alle elevar på 1., 2., og 3. trinn.
Høyring - Gratis SFO tid for elevar på 1.-3. trinn
I Bømlo ligg dei gratis timane rett etter skuleslutt med ca 2,5 timar pr dag. Alle barneskulane vil ha eit SFO tilbod i desse timane. SFO tilbodet følgjer skuleåret.
Elevar på 4. trinn kan kjøpa SFO plass, og elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov, kan søkja om gratis SFO plass.
Elevar på Foldrøy må søkja SFO plass på Svortland skule. (Dette gjeld for alle elevane som skal ha SFO plass, ikkje berre neste års 1. klasse)
På ferie og fridagar, unnateke 3 planleggingsdagar i skuleåret som er datofesta i skuleruta, kan dei som har SFO plass kjøpa feriepakke på felles SFO på Svortland skule.
Etter innlogging i Vigilo vel føresette det alternativet ein ynskjer for sitt barn.
Dette er alternativa:
Kjernetid er 12 timar SFO i veka. Dei 12 timane ligg rett etter skuleslutt med nett i underkant av 2,5 timar pr dag.
Alternativ 1: Kjernetid Pris: Kjernetid er gratis for elevar på 1.-3 trinn. Kostar kr 2016 for elevar på 4. trinn.
Alternativ 2: Kjernetid + morgontid Pris: 1.-3. trinn: gratis kjernetid + morgontid = 1210 kr/4. trinn: kjernetid kr 2016 + morgontid kr 1210 = 3226 kr.
Alternativ 3: Morgontid Pris kr 1210
Alternativ 4: Kjernetid + ettermiddagstid Pris: 1.-3. trinn kr 340/4. trinn kr 1550
Alternativ 5: 100 % plass: Kjernetid + morgontid + ettermiddagstid. Pris 1.-3. trinn: kr 1550/4. trinn: kr 3320
SFO plass for elevar med særskilde behov på 5.-7. trinn er gratis.
Søk SFO plass her
Bømlo kommune brukar Vigilo som søknadsportal
Her finn du brukarveiledning for korleis du skal registrere søknad
Her finn de spørsmål og svar om pålogging
Informasjon om SFO:
Skulefritidsordninga er eit tilbod for elevar i 1.-4. klasse.
Barn med særskilde behov har rett til SFO tilbod frå 5.- 7. klasse. Dette tilbodet er gratis.
SFO er: inne og uteleik, kulturaktivitetar og sosial læring i eit fellesskap.
Rammeplan for SFO
- Det er SFO tilbod på skulane: Svortland, Meling, Moster, Rubbestadneset, Gilje, Våge, Foldrøy og Hillestveit.
- Det ordinære SFO tilbodet på skulane fylgjer skuleruta.
- I feriar er kommunen sitt felles SFO tilbod på Svortland skule. Minstetal for igongsetjing av tilbod er 5 barn pr. dag.
- SFO er stengt i juli, då er det heller ikkje felles SFO tilbod på Svortland skule.
- Søskenmoderasjon på barn nr. to m/fl. på 25 %. Gjeld ordinær plass og dagar i felleskommunalt SFO tilbod.
- Oppseiingsfrist er 1 månad, rekna frå den første i kvar månad.
- Det er halv sats for juni og august.
Regjeringa sin SFO omtale
Søkja redusert foreldrebetaling for SFO?
Dette gjeld no for barn på 1. - 4. trinn, når familien oppfyller søknadskriteria.
Søknadsskjema i vigilo finn du her
Du søkjer redusert foreldrebetaling etter å ha logga deg inn i Vigilo (det er same stad som du søkjer SFO-plass)
Lenkjer
Udir.no: Moderasjonsordninger i skolefritidsordningen (SFO)
Rammeplan og vedtekter for skulefritidsordninga i Bømlo kommune (PDF, 538 kB)
Opplæringslova