Retten til eit trygt og godt skulemiljø

Opplæringslova kap. 12 er elevane si "arbeidsmiljølov" : 

 

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.

 

Rettigheter og plikter for et trygt og godt skolemiljø | udir.no

Ta kontakt med skulen dersom ein elev ikkje opplever å ha eit trygt og godt skulemiljø.

Eller bruk “Skulemiljøknappen” for å melda frå:  Skulemiljøknappen

Er ein usikker og treng nokon å snakka med, kan ein ta kontakt med Mobbeombodet i Vestland 

Når ein melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen lytta til eleven, undersøkja saka, og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Dersom skulen ikkje følgjer opp aktivitetsplikta innan ei viss tid, kan saka meldast til Statsforvaltaren i Vestland.

Retten til eit trygt og godt skulemiljø | Statsforvaltaren i Vestland

Arbeidet for trygge, gode og inkluderande skulemiljø inngår i kommunen sitt BTI arbeid:

Betre tverrfagleg innsats - Bømlo kommune