Nærskule og skulekrinsgrenser

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på nærskulen. Dette følgjer av opplæringslova § 2-6. Kva grunnskole eleven skal gå på

 

Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole.

 

Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.

Opplæringslova § 2-6 gir kommunen heimel til å fastsetja forskrifter. Utdanningsdirektoratet har publisert førarbeida til lovteksten, som omtalar dette:

Informasjon om retten til å gå på nærskulen 

Statsforvaltaren i Vestland har informasjon om nærskuleprinsippet på sine sider. Denne viser til tidlegare opplæringslov (gjeldande til 31.07.2024) der retten til å gå på nærskulen var heimla i § 8-1. Kommunane må følgja geografien når dei vedtek skulekrinsgrenser. Det må vera særs gode grunnar til at elevane ikkje får gå på den skulen som ligg nærast heimen.

Informasjon om nærskuleprinsippet

Saksbehandlingskrav ved endring av skulekrinsgrenser 

Vedtekne skulekrinsgrenser i Bømlo (PDF, 374 kB)

Kva skulekrins i Bømlo soknar du til?

Sjekk adressa di i Norgeskart 

Norgeskart (Fonnakart) 

Slik navigerer du (fungerer ikkje på mobil)

  • Opne kartet, vel kommune i meny oppe til venstre
  • Bruk  menyfelt til høgre, og vel Bømlo, deretter merk av for Barneskulekrinsar
  • Skriv inn di adresse, søk og klikk/opna feltet for Barneskulekrinsar - då kjem skulekrinsen opp saman med Vis i kart.