Informasjon om skulenBømlo kommune nyttar Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule. Føresette kan logge inn på løysinga ved å gå til vigilo.no/bomlo og logge inn med BankID.Her finn ein også nedlasting av app, informasjon og veiledningar.Rubbestadneset skule ligg i rolege omgjevnadar ikkje langt frå Rubbestadneset sentrum og har elevar frå 1. - 7. klasse. Skuleåret 24/25 har skulen 173 elevar. Skulen har tilbod om skulefritidsordning for elevar frå 1. - 4. klasse og leksehjelp for 4. - 7. klasse.Rubbestadneset skule har eit innføringstilbod (velkomstklasse) for born som er nye i Noreg. “På Rubbestadneset skule skal alle oppleva respekt, tillit og klare forventningar i eit trygt og motiverande miljø.”Kontaktinformasjon:Rubbestadneset skuleRamskleiva 495420 RubbestadnesetTlf.: 474 72 488E-post: rubbestadneset.skule@bomlo.kommune.no Sist endra 19.02.2025 11:09