Klassens time - elevmedverknad

Klassens time er ein klassetime kor klassen diskuterer klassemiljøet og læringsmiljø. Det er viktig at elevane kjem med innspel til kva dei vil ta opp i elevråd og liknande. Her er det supert at elevane brukar si elevmedverknad. 

Elevmedverknad:

Skulen skal forbereda elevane på deltaking i demokratiske avgjerdsprosessar og stimulera til samfunnsengasjement både nasjonalt og internasjonalt. I opplæringa skal elevane utvikle kunnskapar om demokratiske prinsipp og institusjonar. Skulen skal legge til rette for at elevane får erfaring med ulike former for deltaking og medverknad i demokratiske prosessar både i det daglege arbeidet og ved deltaking i representative organ.  

Elevmedverknad inneber deltaking i slutningar som gjeld eiga og gruppas læring. I et inkluderande læringsmiljø er elevmedverknad positivt for utviklinga av sosiale relasjonar og motivasjon for læring på alle trinn i opplæringa. I arbeidet med faga bidrar elevmedverknad til at elevane blir meir bevisst eigne læringsprosessar, og det gir større innflytelse på eiga læring.  

Elevane skal kunne delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa innanfor ramma av lov og forskrift jamfør læreplanverket. Kor omfattande medverknaden vil vere, og kordan den utøvast, vil variera blant anna i forhald til alder og utviklingsnivå. Elevmedverknad forutsett kjennskap til valmoglegheiter og deira moglege konsekvensar. Arbeidet med faga vil på ulike måtar bidra til at elevane blir kjend med eigne evne og talentar. Det vil auka deira moglegheiter for medverknad og evne til å ta bevisste val.  

(FNs konvensjon om barnets rettigheiter, artikkel 12 nr. 1, oppl.l. § 1-2 og § 9a og læreplanverkets generelle del).