MOT - Moster skule

Moster skule er ein MOT skule. MOT blei stifta 22. februar 1997 i Trondheim. Stifterne var Johann Olav Koss, Atle Vårvik, Rune Bratseth og Dag Otto Lauritzen. Dei fyrste MOT-medarbeidarane blei utdanna sommaren 1997, og hausten 1997 blei MOT program innført ved ungdomsskular rundt om i Norge.

Moster skule har to MOT-informatører som driv skulebesøk og haldningsarbeid. Gjennom film, rollespel, visualisering, leik og gode diskusjonar ynskjer me at alle skal få kjenna at nokon bryr seg. Me ynskjer ungdom som har ambisjonar og draumar, ungdom som aksepterar skilnaden mellom kvarandre, og ungdom som stolar på eigne ferdighetar.  

MOT sin visjon er eit varmare og tryggare samfunn.

Verdiar:

  • Mot til å leve
  • Mot til å bry seg
  • Mot til å sei nei

Prinsippa:

  • Jobba i forkant
  • Sjå heile mennesket
  • Forsterka det positive
  • Bruke ansvarlege kulturbyggjare til å inkludera andre

Moster skule gjennomfører MOT-programmet på ungdomstrinnet, 8. - 10. trinn.

MOT-informatør er Linda Kallevåg og Sturla Tyse Andersen.

Til toppen