Om Moster skule

    

Moster skule Joakim Lund

Moster skule ligg på Moster, på søraustsida av Bømlo, ikkje langt frå Trekantsambandet. Skulen var ny i januar 2009, og er ein kombinert barne og ungdomsskule med SFO, skulebibliotek og stor fleirbrukshall. Om lag 320 elevar og ca. 50 tilsette høyrer til på skulen.

Skulen har eit stort og godt uteområde å leike på, med leikeapparat, ballbinge og ein skog som kan utforskast. I tillegg er me så heldige å få låne kunstgrasbanen til Moster idrettslag når me har bruk for det.  

Moster skule er aktivit i bruk også på ettermiddagen. Kulturskulen, Moster skulekorps, Moster Drill, Bømlo Shotokan Karateklubb og Moster Idrettslag brukar flittig fleirbrukshallen gjennom skuleåret. 

Kontaktinformasjon:

Moster skule
Espelandssjøen 1
5440 Mosterhamn
Tlf:  940 04 178
E-post: moster.skule@bomlo.kommune.no

Org.nr.: 975.281.280

Moster skule Joakim Lund