Gilje skule er ein fådelt skule med rundt 75 elevar, fordelt på 7 klassar frå 1.-7 trinn, og omlag 30 elevar på SFO. Skulen ligg midt på Bømlo, 4 km sør for kommunesenteret Svortland, med fin natur på alle kantar.
Skulen har fleirbrukshall, stort bibliotek, og spesialrom til musikk og kunst og handverk. Elevane har eit stort og godt uteområde med leikeapparat, skogsområde, ballbinge og kunstgrasbane. Det er også mange flotte turløyper i nærområdet som vert mykje nytta av skulen.