Informasjon

Bømlo kommune nyttar Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule og SFO. Føresette kan logge inn på løysinga ved å gå til vigilo.no/bomlo og logge inn med BankID.
Her finn ein også nedlasting av app, informasjon og veiledningar.

Foldrøy skule er ein 3-delt barneskule med 41 elevar i 2024/2025. Skulen ligg på austsida av Bømlo med utsikt over Stokksundet. Skulen har eigen skulefritidsordning, skulebibliotek og fleirbrukshall som er ei storstove for heile bygda. 

På Foldrøy skule står meistring og samspel i fokus og me har ein visjon om å sjå kvar einskild elev sine behov og støtta eleven i utviklinga på ein god måte.   

Kontaktinformasjon:

Foldrøy skule
Hamnavegen 21
5428 Foldrøyhamn


Tlf.: 940 03 036
E-post: foldroy.skule@bomlo.kommune.no