MOT - Bremnes ungdomsskule

Bremnes ungdomsskule er ein MOT skule. MOT vart stifta 22. februar 1997 i Trondheim.

Stifteren var Johann Olav Koss, Atle Vårvik, Rune Bratseth og Dag Otto Lauritzen.

Dei fyrste MOT-medarbeidarane vart utdanna sommaren 1997, og hausten 1997 vart MOT program innført ved ungdomsskular rundt om i Noreg.

Bremnes ungdomsskule har tre MOT-informatører som driv skulebesøk og haldningsarbeid.
Dei tre MOT-informatørene ved Bremnes ungdomsskule er: Jenny G. Fjellheim, Håvard Meling og Petra Elisabet H. Erstad.

Gjennom film, rollespel, visualisering, leik og gode diskusjonar, ynskjer me at alle skal få kjenna at nokon
bryr seg. Me ynskjer ungdom som har ambisjonar og draumar, ungdom som aksepterar skilnaden mellom kvarandre, og ungdom som stolar på eigne evne.  

Bremnes ungdomsskule gjennomfører MOT-programmet på ungdomstrinnet, 8. - 10. trinn.

MOT sin visjon er eit varmare og tryggare samfunn.

Verdiar:

  • Mot til å leve
  • Mot til å bry seg
  • Mot til å sei nei
     

Prinsippa:

  • Jobba i forkant
  • Sjå heile mennesket
  • Forsterka det positive
  • Bruke ansvarlege kulturbyggjare til å inkludera andre

 

Om MOT

Om MOT på Bømlo på Facebook

Til toppen