(*Hushald: Einsleg, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.) Dette gjeld og for sambuarar og gifte som ikkje har felles barn. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.