BTI - Betre tverrfagleg innsatsBetre Tverrfaglig Innsats, BTI, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.Helsedirektoratet si informasjonsside om BTI:forebygging.no/BTIBTI brosjyreDet skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i Bømlo. Stundom oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det bra. Kva gjer ein dersom ein lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?For å sjå korleis Bømlo kommune arbeider i oppfølging av barn og unge ein er uroa for, gå inn på BTI-handlingsrettleiaren til Bømlo. Sist endra 13.02.2024 14:24