Det finst ulike ordningar som skal sikra at alle barn, uavhengig av inntekt, skal kunna gå i barnehagen. For å få redusert foreldrebetaling må du søkja til kommunen som treng dokumentasjon på inntekta til hushaldet. Ein må søkja på nytt for kvart barnehageår. Du søkjer ved å logga deg inn i Vigilo Rettleiing finn du her: Rettleiing - søke redusert foreldrebetaling
Søskenmoderasjon
Dersom du har fleire enn eitt barn i barnehagen i same kommune, skal kommunen sørga for at du får reduksjon i forledrebetalinga. Dette vert kalla søskenmoderasjon. Retten til søskenmoderasjon gjeld også om barna går i forskjellige barnehagar eller med barnehagar med forskjellige eigarar.
Reduksjon for barn nr. to er minimum 30% og for barn nummer tre og oppover er barnehageplassen gratis.
Har du låg inntekt?
Det finnast to ordningar for familiar eller hushald med låg inntekt:
1. Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga
Dersom maksprisen i barnehage overstig meir enn 6% av den samla inntekta til hushaldet, skal du ha redusert pris.
2. Gratis kjernetid
Dersom den samla inntekta til hushaldet er under kr. 642 700,- har 2,3,4,5-åringar rett på gratis kjernetid (20 timar per veke).
Dokumentasjon og søknadsprosess
Hushald
Som hushald reknar ein ektefeller, registrerte partnarar, og sambuarar. Som samburarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som har budd samen i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste månadane, eller har felles barn.
Føresette som søkjer må bu på same adresse som barnet (folkeregistrert adresse). Bur barnet fast hjå begge foreldra, vert innekt berekna etter den forelderen som har same folkeregistrert adresse som barnet.
Dokumentasjon på inntekt
Kommunen innhentar opplysningar om inntekta di frå Skatteetaten, så du treng ikkje leggja ved dokumentasjon på inntekt. Men;
Dersom inntekta har endra seg vesentleg frå det som kjem fram av skattemeldinga (t.d. endring i hushaldet, arbeidsløyse o.l), så må ein ha anna relevant dokumentasjon.
Det kan vera:
- Dei tre siste lønsslippane frå arbeidsgjevar
- Vedtak frå NAV om sosialstønad o.l.
- Vedtak om gyldig opphaldstillating
- Studentbevis eller stadfesting på studier
Feilaktige eller manglande opplysningar kan medføra full pris og ev krav om tilbakebetaling. Vedtaket gjeld frå månaden etter kommunen har motteke søknaden og rett dokumentasjon.
Få meir informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar