Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) ligg til grunn for barnehagemynde si utøving av mynde. Kommunen er lokal barnehagemynde, og skal sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket. Barnehagelova gjeld for kommunale og for private barnehageeigarar.
Barnehagemynde har tre verkemiddel til disposisjon: Rettleiing, tilsyn og godkjenning.
Rettleiing, tilsyn og godkjenning:
I merknad til barnehagelova §10 , barnehagemynde sitt ansvar, står følgjande:
Kommunen skal ved godkjenninga, og gjennom aktiv rettleiing og tilsyn, sjå til at barnehagane i kommunen blir driven i tråd med dei krava som er fastsett i barnehagelova med tilhøyrande forskrifter.
Aktiv og god rettleiing er eit viktig verkemiddel for å ha gode barnehagar, samt for å ha effektiv etablering og drift.
For Bømlo kommune betyr dette å arbeide aktivt inn mot barnehagane, samt at ein har eit godt samarbeid mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Med utgangspunkt i dei opplysingane kommunen får kjennskap til, skal barnehagemynde rettleie barnehageeigar og barnehagane til å følgje regelverket. Gjennom risikoanalysar og vurderingar skal ein bestemme kva tid det er føremålstenleg å gje rettleiing.
Målet med rettleiing er å sikre etterleving av regelverk. Dersom rettleiing ikkje fører til endring, er det naudsynt å bruke tilsyn som verkemiddel. Tilsyn kan og gjennomførast utan at ein har prøvd rettleiing først.
Klage på barnehagen
I nokre tilfelle vil du som føresett/forelder klage på barnehagen barnet ditt går i.
Som forelder bør du først ta opp tilhøvet direkte med barnehagen. Det kan vera pedagogisk leiar, styrar eller barnehageeigar. Dersom det gjeld saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen kan dette leggast fram for barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Dersom saka ikkje vert løyst i baranehagen, skal tilhøve som omfattar barnehagelova rettast til kommunen som barnehagemynde.
Ein klage kan omfatta pedagogiske tilhøve, bemanning eller samarbeid med barnehagen. Barnehagelova pålegg barnehagane å ha eit trygt og godt miljø for barna. Det inneber at barnehagen skal ha nulltoleranse mot alle typar krenkingar, plikt til å gripa inn, arbeide førebyggjande og plikt itl å sikra at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikt).
Om du ønsker å klaga kan du senda inn denne via sikker post: sikker post