Barn som treng ekstra oppfølging

Nokre barn vil ha trong for støtte som går utover det allmennpedagogiske tilbodet i barnehagen. Dette kan vera spesialpedagogisk hjelp, tilrettelegging eller skyss. alle dei ordinære banehagane kan gje eit tilrettelagt tilbud for barn med særskilte behov.

Spesialpedagogisk hjelp

Barn under opplæringspliktig alder kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særskilt behov for det. Dette gjeld uavhengig av om dei går i barnehage eller ikkje. Føremålet er å gje barnet tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale dugleikar jf:   Barnehagelova § 31

For å ha rett til spesialpedagogisk hjelp må barnet ha ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta. Du finn saksgang og meir informasjon om spesialpedagogisk hjelp her:

Pedagogisk Psykologisk teneste

Barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen skal sikra at barn med nedsett funskjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod jf  Barnehagelova § 37 

Kva er skilnaden på spesialpedagogisk hjelp § 31 og tilrettelegging § 37?

Spesialpedagogisk hjelp:
Spesialpedagogisk hjelp er ei støtte for å gjera barnet betre rusta til skulestart.  Føremålet er å gji barnet tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språkleg og sosial dugleik. 

Individuell tilrettelegging: 
Dette er nødvendige tiltak for at barn med nedsatt funksjonsevne kan ta i bruk det ordinære barnehagetilbudet.  Føremålet er å tilpassa omgjevnadane til barnet, slik at barnet kan bruke barnehageplassen sin på lik linje med andre barn. 

Har du spørsmål?

Kristin Skare
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 95 75 01 51
Til toppen