Barn med nedsett funksjonsevne - individuell tilrettelegging

Barn med nedsett funksjonsevne skal ha mogelegheit til å delta i barnehage på lik linje med andre barn. Barnehagen skal tilpassa tilbodet blant alle barn ut frå funksjonsnivå. Dette er nedfelt i barnehagelova. 

Barnehagelova seier at barnehageeigar har ansvar for å sjå til at og barn med nedsett funksjonsevne får eit tilbod i tråd med lova.  Dette er avgrensa til kva ein kan gjera innafor dei ordinære rammene. Det er kommunen si plikt å sikra at barnet får tiltak som er nødvendige for at barnet skal kunne nytta barnehageplassen sin på lik linje med andre barn.

Kommunen skal i følge barnehagelova § 37 sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Målsettinga med tilrettelegging av tilbodet etter barnehagelova § 37 er ikkje endring og utvikling hjå barnet, men å byggja ned barrierar som gjer at barnet kan gjera seg nytte av tilbodet.

Kommunen si tilretteleggingsplikt i ein enkelt barnehage gjeld ikkje dersom tiltaket er ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Det betyr at kommunen unntaksvis kan avvisa ynskje om tilrettelegging i ein enkeltbarnehage med grunngjeving i at tiltaket inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Døme her kan vera at barnehagen ikkje har universell utforming, og ei utbetring vil medføra store kostnader for kommunen.

Kva er nedsett funksjonsevne?

Gjennom nasjonalt lovverk og internasjonale konvensjonar med nedsett funksjonsevne rett til å kunna delta i samfunnet på lik linje med funksjonsfriske. I det ligg det at barn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehagen i like stor grad som funksjonsfriske barn.

Departementet definer i odelstings proposisjon nr. 44 “Nedsett funksjonsevne som tap eller skade på en kroppsdel eller i en av kroppens funksjoner. Dette kan for eksempel dreie seg om nedsett bevegelses, syns- eller hørselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon, eller ulike funksjonsnedsettelser pga. allergi, hjerte eller lungesykdommer. I en juridisk sammenheng er det nødvending å vurdere funksjonsnivået opp mot den enkelt situasjon”.

Det er kommunen som fattar vedtak om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Det skal arbeidast særleg målretta og systematisk med å inkludera barn i meiningsfulle fellesskap.

For å kunna fatta vedtak om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne, må kommunen henta inn dokumentasjon og g som har tyding for vedtaket.

Kven har rett til tilrettelegging?

Barn med nedsett funksjonsevne. Dette er ei samansett gruppe. Det er barn som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Barna kan ha tapt eller skade på ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vera nedsett rørsle-, syn- eller høyrefunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjarte- og lungesjukdom.

Ein må avgrense det mot forbigåande og bagatellmessige forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrar åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.

At eit barn har nedsett funksjonsevne er ikkje einstydande med at barnet treng særskild tilrettelegging i barnehagen. Det er viktig å vere medviten at barnets behov for tilrettelegging i nokre tilfelle vil kunne avhjelpast ved at dei ordinære omgjevnadane og det ordinære tilbodet vert utforma på ein måte som gjer at det kan brukast av alle på ein likeverdig måte.

Nedsett funksjonsevne treng ikkje å utgjera ei funksjonshemming. Funksjonshemming er noko som oppstår når det blir eit gap mellom barnet sine føresetnadar og omgjevnadane si utforming eller krav.

Korleis få individuelt tilrettelagt barnehagetilbod?

Kommunen vurderer fortløpande om eit barn kan ha behov for tilrettelegging, òg uavhengig av om kommunen får melding om behov eller ikkje. Det er likevel ein fordel om kommunen får melding frå til dømes føresette, tilsette i barnehagen eller helsestasjonen dersom eit barn har behov for individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet. Kommunen vil så henta inn tilstrekkeleg og utfyllande informasjon for å opplysa saka om barnet har nedsett funksjonsevne og slik har rett på individuell tilrettelegging, jf. barnehagelova § 37

Melding om behov:

Me ønsker at føresette fyller ut skjema på kommunens heimeside her: Tilrettelagt barnehagetilbod - melding om behov 

For å gjera sakshandsaminga rask og effektiv, ber kommunen om å få dokumentasjon om barnet sine vanskar i høve nedsette funksjonsevne så raskt som mogeleg etter innsendt melding om slikt behov. Dokumentasjonen kan lastast opp i meldeskjema, eller sendast kommunen i etterkant. Dokumentasjon/uttale kan vere frå lege, fysioterapeut, spesialisthelsetenesta, PPT.

Melding om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod vert handsama kontinuerleg. 

Har du spørsmål?

Kristin Skare
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 95 75 01 51
Til toppen