Ungdomskontakt

Ungdomskontakten er tilgjengeleg for ungdom som treng ekstra støtte i kvardagen knytt til utfordringar med skulefråvær eller rus. 

I høve skulefråvær arbeidar ungdomskontakten med ungdomar i 8. - 10. klasse. Som hovudregel melder skulen inn nye saker i tråd med Bømlo kommune sin handlingsrettleiar for skulefråvær men føresette og andre kan og ta direkte kontakt for spørsmål. Som føremål har ungdomskontakten å bidra til auka skulenærvær, trivsel og meistring, der ein siktar mot betre skuleprestasjonar og auka gjennomføring i vidaregåande skule. Eit tett samarbeid mellom ungdomskontakt, skule og heim er naudsynt når ungdomskontakt er inne som tiltak ift skulefråvær.

Når det gjeld rusproblematikk er ungdomskontakten tilgjengeleg for ungdom som går i 8. klasse- VG3. I desse sakene kan alle ta direkte kontakt med ungdomskontakten dersom ein er uroa for ein ungdom. Ungdomskontakten tilbyr mellom anna kartlegging, Hasj avvenningsprogram og råd/rettleiing til føresette. 

 

Ungdomskontaktar

 

Marianne Undheim
Mobil: 975 976 18
send e-post til

 

Marianne Lidal
Mobil: 948 75 454
send e-post til