OmsorgsstønadOmsorgsstønad tidlegare omsorgsløn, kan bli gitt til deg som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for barn og unge med stort pleiebehov.Kven kan søkja om omsorgsstønad:Du må ha eit særleg tyngande omsorgsarbeid over tid.Omsorgsarbeidet må gå føre seg i eigen heim.Målet er at familien kan fortsetje å ha omsorga for sin nærmaste.Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som gir ei godtgjersle for nokre av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeidet i heimen. Kommunen legg til grunn berre oppgåver som blir rekna som nødvendige helse- og omsorgstenester når me vurdere om du skal få omsorgsstønad. Det vil seie oppgåver som kommunen måtte ha utført, om ikkje du hadde gjort det.Slik søkjer duI søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.Søknadsskjema for omsorgsstønad (PDF, 2 MB)Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.Send søknad til:Barne- og familietenestaSosiale tenester barn og ungeLeirdalen 15430 Bremnes Kor kan du få meir informasjon? Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss på telefon: 53 42 33 30 Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det? Det er sosiale tenester barn og unge som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å kartleggje ditt hjelpebehov. Sosiale tenester barn og unge sender deg eit vedtak etter kartlegging. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. Kan du klaga om du ikkje fpr innvilga søknaden? Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon: 53 42 33 30 Kontakt oss:PostadresseSosiale tenester barn og unge, Rådhuset, Leirdalen 15430 BREMNESTelf.: 53 42 33 30 Gro Marita Våge Tulloch Mobil: 468 92 130send epostJulie Teige Mobil: 948 09 359send epostCecilia Rodrigues ThormodsæterMobil: 470 39 912send epost Sist endra 05.02.2025 16:04