Individuell plan og KoordinatorIndividuell plan er eit tilbod til deg som mottar hjelp frå to eller fleire instansar og som har behov for koordinerte tenester. Ein individuell plan skal hjelpa deg å setja langsiktige mål der det er fokus på deg og dine ynskjer.Kven kan søkje om individuell plan?Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få ein individuell plan. Planen skal vera eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparat. Sjølv om du ikkje ynskjer å få utarbeida ein individuell plan kan du likevel søkja om å få oppnemnt ein koordinator. Alle som er over 15 år skal sjølv samtykka til individuell plan.Bømlo kommune brukar eit nettbastert verktøy for individuell plan, Visma SamPro.Slik søkjer duI søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.Søknadsskjema for individuell plan (PDF, 2 MB)Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden. Send søknaden til:Barne- og familietenestaSosiale tenester barn og ungeLeirdalen 15430 BremnesTelefon: 53 42 33 30Korleis blir søknaden behandla kor kor lang tid tek det?Det er sosiale tenester barn og unge som behandlar søknad om individuell plan og koordinator fram til ein er ferdig med vidaregåande skule. Dei tar kontakt med deg for å kartleggje hjelpebehovet.Sosiale tenester barn og unge sender deg eit vedtak etter kartlegging. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden?Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Kontakt oss:Gro Marita Våge Tulloch Mobil: 468 92 130Send e-postCecilia Rodrigues ThormodsæterMobil: 470 39 912Send e-postJulie TeigeMobil: 948 09 359Send e-post Sist endra 05.02.2025 16:01